Bli med på årsmøtehelga til Norsk Bygdesagforening!

Snart samlar vi alle som er interesserte i sagbruk og treforedling til spennande fagdagar og årsmøte. Årsmøtehelga er den perfekte arenaen for å møte likesinna, få ny kunnskap og oppleve det beste frå bransjen.Det blir fagleg påfyll, gode samtalar og flotte opplevingar i Hallingdal.

Årsmøte og overnatting blir på Pers Hotell på Gol i Hallingdal 6.-8. mars 2026.

Dette får du med deg:

  • Besøk hos spennande lokale treforedlingsbedrifter
  • Faglege innlegg og inspirasjon frå bransjen
  • God mat, sosialt samvær og hyggeleg stemning
  • Moglegheit til å knytte nye kontaktar og styrke nettverket ditt

Alle interesserte er velkomne!
(Merk: berre ordinære medlemmar har røysterett under sjølve årsmøtet.)

Påmeldigsfrist 20. februar. 

Program for årsmøtehelga finner du her.

Pris utan overnatting

  • Dagpakke fredag (lunsj, kaffipause og buss i samband med bedriftsbesøk):
  • 1 000 kr for ordinære medlemmar / 2 000 kr for ikkje-ordinære medlemmar
  • Middag fredag kveld: 500 kr
  • Dagpakke laurdag (lunsj og servering i samband med årsmøtet): 750 kr
  • Tre-rettars årsmøtemiddag laurdag kveld: 900 kr

Pris med overnatting

(Alle prisar inkluderer måltid og program, med unntak av drikkevarer. Ved ankomst torsdag er middag torsdag kveld inkludert.)

  • Torsdag–søndag, to personar som deler rom: 12 900 kr (6 450 kr per person)
  • Fredag–søndag, to personar som deler rom: 9 800 kr (4 900 kr per person)
  • Torsdag–søndag, éin person: 9 200 kr
  • Fredag–søndag, éin person: 7 000 kr

Praktisk informasjon om overnattinga

Romma er fordelte på økonomirom og leilegheiter. Leilegheitene ligg om lag 50 meter frå hotellet. Alle kostnader i samband med årsmøtehelga vert fakturerte av Norsk Bygdesagforening, med unntak av drikkevarer.

Lurer du på kva andre aktivitetar det er å finne på i Gol? Sjå golinfo.no for inspirasjon.