Alvdal Skurlag AS
Beskrivelse
Alvdal Skurlag har ei omfattande historie som går heilt attende til skipinga av eit andelslag i 1955. Verksemda har vakse jamt og trutt gjennom åra, og har etter kvart fått inn sterke eigarar, mellom anna Glommen Skog.
Skurlaget har òg fusjonert med andre viktige verksemder, som Røes Sag i Vingelen, etablert i 1668. Her finn ein det som tidlegare vart kalla Materialbanken, der det blir lagra og teke ut spesialtrevirke til restaurering av den gamle, verna busetnaden på verdsarvstaden Røros, samt til andre verneverdige bygningsmiljø i Noreg.
Gjennom fleire tiår har Alvdal Skurlag utvikla seg til å bli ein betydeleg leverandør av kvalitetstrevirke, mellom anna royalimpregnert kledning og terrassebord, til det norske prosjekt- og byggevaremarknaden.
PRODUKT
- Materialbank
- Bygg
- Gjerde- og hagematerial
- Golvbord
- Impregnerte material
- Kjernevedkledning/-produkt
- Lafteplank og takåser
- Møbelvirke og snekkeri/sløydvirke
- Panel og listverk
- Restaureringsvirke
- Spesialmaterial
- Standard trelast justert
- Standard trelast ujustert
- Terrassebord
- Takmaterial
- Utvendig kledning
- Varmebehandla materiale
