Sæteråsen Sag og Høvleri AS

Beskrivelse

Sæteråsen Sag & Høvleri AS har drive med treforedling sidan 1992. Mykje har endra seg gjennom åra, men verdiane har vore dei same heile vegen.

I starten var verksemda ei småskala treforedling som tilleggsnæring til gardsdrift. I januar 1997 tok dei eit større steg, kjøpte produksjonsutstyr med høgare kapasitet og etablerte Sæteråsen Sag ANS.

1. januar 2006 vart selskapet omdanna til aksjeselskap. I dag har bedrifta to eigarar: Arild Kulseng-Hansen og Torgeir Hjalte.

Dei siste åra er det investert betydelege beløp i verksemda. Ei topp moderne trelasttørke, nye lagerbygg og ei høvelinje er no på plass og i full drift.

Våren 2009 kjøpte Sæteråsen Sag opp varelageret og overtok kundemassen til Sibirsk Lerketre AS. Med dette gjekk dei frå å produsere enkeltbestillingar av sibirsk lerk til å kjøpe inn ferdigvarer for vidare sal. Dette er eit marknad dei satsar på å utvikle vidare i åra som kjem.

Bedrifta nyttar så langt det er mogleg råstoff frå nærområdet, men det meste av trevirket kjem framleis frå Saltdalen/Steigen og indre Troms. Målet er å kunne handle meir lokalt i framtida.

Sæteråsen Sag har samarbeidspartnarar over heile landet og kan skaffe det meste kundane måtte trenge.

PRODUKT

  • Bakhon og ved av bakhon
  • Bygg
  • Emballasjematerial
  • Gjerde- og hagematerial
  • Golvbord
  • Grove dimensjoner og lange lengder
  • Impregnert kledning
  • Kjernevedkledning/-produkt
  • Kledning
  • Kopiering av gamle profiler og dekorprodukt
  • Lafteplank og takåser
  • Lauvtrematerial
  • Leigesaging og -høvling
  • Panel og listverk
  • Restaureringsvirke
  • Standard trelast ujustert
  • Stokkmatter
  • Takmaterial
  • Terrassebord
  • Utemøbla
  • Utvendig kledning
  • Varmebehandla materiale

Kontaktinformasjon

Org. nr.
989 746 871
Kontaktperson
Torgeir Hjalte
Adresse
Skarpsnobakken 8, 9402 Harstad
Telefon
Mobil
Sosiale medier

Kart