Sunnset Sag
Beskrivelse
Sunnset Sag er eit lite sagbruk på Korsvegen, like sør for Trondheim. Målet deira er å oppfylle kundane sine ønske om ekte og varig trevarer, med solid forankring i tradisjonell kunnskap og handverk.
Kort om historia til saga
Sunnset Bandsag vart starta i 2002, som ei vidareutvikling av ei gardssag. I 2005 kom Håvard Sunnset inn i drifta. Produkta vart raskt populære, og saga har sidan vakse jamt og trutt. I 2009 skjedde ei stor utvikling då saga utvida med materialtørke og høvleri. Den første medarbeidaren vart tilsett, og Håvard tok gradvis over rolla som dagleg leiar. Håvard tok formelt over drifta i 2012 og endra namnet til Sunnset Sag. Maskinparken og kompetansen veks framleis for å møte kundane sine behov. I dag er dei fire tilsette, i tillegg til Håvard.
PRODUKT
- Pallar
- Material til kunstprosjekt
- Kjernevedkledning/-produkt
- Kledning
- Konstruksjonsvirke
- Kopiering av gamle profiler og dekorprodukt
- Lafteplank og takåser
- Panel og listverk
- Restaureringsvirke
- Spesialmaterial
- Takmaterial
- Utvendig kledning
