Kartlegging av skog- og trebedrifter

Norsk Bygdesagforening har no fullført kartlegging av skog- og trebedrifter i Rogaland. Til no har vi kartlagt fire fylker – Vestland, Møre og Romsdal, Agder og Rogaland.
Bakgrunnen for kartleggingane er at dei små- og mellomstore trebedriftene har bedt om hjelp til marknadsføring, oversikt over aktørane innanfor bransjane frå skogeigar til ferdig produkt, meir samarbeid og fokus på nye og kortreiste verdikjeder.

Norsk Bygdesagforening, i samarbeid med Innotre, Norske Trevarer og Tredriveren i Møre og Romsdal, er i gang med eit viktig prosjekt som vi har kalla Digital Marknadsplass. I prosjektet skal vi så godt som mogleg bidra til løysing for ovannemnde utfordringar for skog- og trebedriftene i desse fire fylka. Den digitale marknadsplassen skal presentere bedriftene, produkta deira og legge til rette for meir samarbeid og bærekraftig utvikling i verdikjeda vår.

Eit viktig arbeid i prosjektet er å innhente informasjon og kontaktopplysningar på potensielle bedrifter som kan ha nytte av prosjektet. Dette vil sjølvsagt vere eit kontinuerleg arbeid, men vi har no innhenta opplysningar frå heile 586 bedrifter som vil danne grunnlag for det vidare arbeidet.

Du kan finne databasane for Vestland og Møre og Romsdal her på sida: Prosjekt: Trebedrifter
Her kan ein søkje på type bedrift, bedriftsnamn, produkt eller poststad. Denne basen skal også vere grunnlag for vidare utvikling av prosjektet Digital Marknadsplass.

Prosjektet er støtta av Kystskogmidlar og Innovasjon Norge.

Kontakt oss gjerne på tlf: 918 86 113 eller per e-post admin@sag.no om du har spørsmål eller tips i samband med denne kartlegginga.