Kontoret er i full drift igjen etter ferien.

Sommarferien er over for mange av oss, og vi håpar alle har fått nokon feriedagar.

Lillian K. Bolstad er tilsett som organisasjonsmedarbeidar frå 1. august 2025

Her på kontoret i Stryn har vi gått frå ein til to tilsette. Lillian K. Bolstad er nytilsett i 50 prosent stilling frå 1. august. Vi er i full gang med opplæring, oppdatering av nettsida og skriving av Sagbladet.

Det blir også jobba med planlegging av kurs, som skal haldast i Nordreisa kommune. Det vil vere eit todagars nybegynnarkurs, med hovudvekt på bruk av bandsag og styrkesortering av material. Kurset arrangera vi i samarbeid med Nordreisa Kommune v/skogbrukssjef Tor Håvard Sund. Dato for kurset er ikkje fastsett endå. Invitasjon til kurset vil bli sendt på e-post til medlemmar og abonnentar og lagt ut her på nettsida.

Ta kontakt med oss om de har spørsmål.