Kurs i sortering av konstruksjonsvirke på Voss
Stad: Voss i Vestland
Tid: 14. – 15. februar
Kursleiar: Trond Kalstad
Påmeldingsfrist: 7. februar
Kursavgift:
• Medlemmar: kr 3 500,-
• Ikkje-medlemmar: kr 4 500,-
Kursmateriell (kr 900,-) (NSInsta 142:Standard for visuell sortering) og lunsj begge dagar er
inkludert i prisen. Deltakarane blir fakturert for kurset etter gjennomføring. Deltakarane må
sjølve betale for eventuell overnatting og middag.
På dag 1 er det teori med desse hovudtema:
• Kvifor sortere trelast
• Kva ein sorterer må kunne
• Treanatomi/vekst
• Tørking
• Krymping/svelling
• Vyrkesfeil
• Sorteringsreglar
• Stempling
På kursdag 2 vert det praksis hjå Voss Sag og Tradisjonsbygg Kjartan Bergsvåg. Vi skal sortere plank, diskutere kvalitet og vyrkesfeil. Vi går gjennom alle dei tekniske delane frå teorien dagen før, i praksis.
Påmelding: Ønskjer du å melde deg på eller få meir informasjon om dette kurset? Send ein e-post til: admin@sag.no eller ring oss på tlf: 918 86 113.
Ved påmelding treng vi kontaktopplysningar, evt. allergiar og om du treng overnatting.
Invitasjonen til kurset finn ser du her: