Kurs i sortering av konstruksjonsvirke
Norsk Bygdesagforening arrangerer kurs i sortering av konstruksjonsvirke 5.–6. mai 2026. Kurset gir ei grundig innføring i regelverk og praktisk sortering, med teori i Skien og praksis i Ulefoss.
Kursleiar
Trond Kalstad
Program
Tysdag 5. mai – Teori
Frammøte kl. 10.00
Herkules kjøpesenter, Ulefossvegen 32, 3730 Skien (Parkering på taket. Inngang ved kontora til Telenor-butikken / DMK Holding AS.)
Du blir teken imot av lokal kursorganisator David Andrè Karlsen.
Teorien omfattar mellom anna:
- Kvifor ein sorterer trelast
- Kva sorteringspersonell må kunne
- Treanatomi og vekst
- Tørking
- Krymping og svelling
- Virkesfeil
- Sorteringsreglar
- Stempling
Kurset vert avslutta ca. kl. 16.00.
Onsdag 6. mai – Praksis
Frammøte kl. 09.00
Olsbryggevegen 34, 3830 Ulefoss (ca. 25 minutt køyring frå Skien)
Denne dagen arbeider vi praktisk med sortering av plank. Vi diskuterer kvalitet og virkesfeil, og går gjennom dei tekniske delane frå teorien.
👉 Alle deltakarar må ta med metermål.
Servering
Det blir servert lunsj og kaffi/kaffimat begge dagane.
Hugs å melde frå om eventuelle allergiar ved påmelding.
Pris
- Medlemmar: 4 000 kr
- Ikkje-medlemmar: 4 500 kr
Det er mogleg å melde seg inn i foreininga i samband med kurset.
Kursmateriell
NS Insta 142 – Standard for visuell sortering blir delt ut på kurset og er inkludert i kursavgifta (verdi 1 250 kr).
Lunsj og kaffimat er også inkludert.
Overnatting
Overnatting må bestillast av deltakar sjølv.
Vi kan tilrå Thon Hotel Høyers, Kongens gate 6, 3717 Skien.
Påmelding
Påmeldingsfrist
Onsdag 29. april 2026
For påmelding eller spørsmål, ta kontakt:
• E-post: admin@sag.no
• Telefon: 918 86 113
I påmeldinga treng vi følgjande informasjon:
- Namn
- Adresse
- Postnummer
- Poststad
- Mobil
- E-post
- Eventuelle matallergiar
Velkomen på kurs!




