Klikk på dei ulike boksane under for meir informasjon om medlemsfordelar:
Klikk på + for å sjå meir / Klikk på – for å sjå mindre
HER finn du også ei samla oversikt over medlemsfordelar.
Vi har gjort avtale med Knut Øverby om overtaking av alle rettigheter til dei tre lærebøkene han har skrive:
- BYGDESAGA
- HØVLERIET
- TØRKING
Bøkene vil også bli brukt som kursmateriell til våre kurs.
Pris per bok for medlemmar: kr. 500,- + porto
Pris per bok for ikkje-medlemmar: kr 700,- + porto
Bestill ved å sende e-post til: admin@sag.no eller ring oss på tlf: 918 86 113.
Sagbladet blir utgitt 4 gangar årleg. Det er eit unikt medlemsblad med stoff frå vår bransje med gratis annonseplass for medlemmane.
Som medlem kan ein kome med tips og innspel om kva bladet skal inneholde.
Sjå meir informasjon om Sagbladet HER.
Medlemmar får rabatterte prisar på kurs. Foreininga sender ut informasjon i forkant av kvart kurs med tilbod om rabatterte prisar.
Følgjande kurs er gjennomført hittil i 2024:
- Sortering av konstruksjonsvirke
Følgjande kurs vart gjennomført i 2023:
- Sortering av konstruksjonsvirke
- Tørking av trelast
- Kurs i materialkvalitet og virkesutnytting
Alle medlem får tilbod om å vere med på årsmøte og fagdag. Dette arrangerast ei helg årleg.
På denne årlege helga vert det oftast arrangert bedriftsbesøk, fagdag og årsmøte. Vi reiser rundt til relevante bedrifter under bedriftsbesøk og hentar inspirasjon og kunnskap. På fagdag får vi inn kompetente foredragshalderar som tek opp aktuelle tema.
Sjå gjerne informasjon om årsmøtet for 2024 HER.
På sag.no vert alle medlemsbedriftene presentert HER.
Alle medlemmer er registrert med kontaktinformasjon og produktkategori dei tilbyr. Dermed kan denne portalen føre til både nettverksbygging , potensielle samarbeid og auka sal.
Dess meir relevant informasjon som er fylt inn under medlemsbedriftene, jo enklare blir det for kundar og samarbeidspartnerar å finne fram.
Som medlem får ein tilgang til foreininga sitt kjøp/salg-system på nettsida, der kundar legg inn sine førespurnader og medlemmane får den direkte tilsendt på din e-post.
HER kan potensielle kundar/samarbeidspartnerar sende forespørsel etter produkt og tenester, så får medlemma førespurnaden rett i sin e-post. Då kan medlemma sjølv velge å kontakte kunden med eit tilbod.
Det er altså viktig at informasjonen om bedrifta er oppdatert og riktig under alle medlemsbedrifter. Treng du å oppdatere dine opplysningar? Kontakt oss gjerne på admin@sag.no eller ring oss på telefon: 918 86 113.
Vår medlemsliste finn du HER.
Som medlem får du spesialtilbud på kjøp av arbeidskle frå Ahlsell (tidlegare Bekken & Strøm) med Norsk Bygdesagforening-logo.
Ønsker du meir informasjon om avtalen kan du kontakte oss ved å sende e-post til: admin@sag.no eller ring oss på tlf: 918 86 113.
Norsk Bygdesagforening tilbyr rådgjevingsteneste til våre medlemmar. Dette betyr at dei som ønskjer tips og råd i samband med etablering eller utvikling av sine bedrifter kan be om dette gjennom foreininga. Vi vil då etablere kontakt med mentor/fagfolk/fagmiljø/konsulentar som kan vere til hjelp og gi dykk kompetanse til å ta gode beslutningar i di bedrift. Vi kan ha kapasitet til å følgje opp 10 bedrifter i fyrste omgang.
Tenkjer du at dette er aktuelt for deg, så ta kontakt på admin@sag.no eller ring oss på telefon: 918 86 113.
Dette er eit rekrutteringsprosjekt som vi har satt i gang, så dersom det blir stor etterspørsel vil dei unge bli prioritert. Dette bør uansett ikkje hindre deg i å ta kontakt.
Vi har fått økonomisk støtte til denne ordninga gjennom Skogfond, så tenesta blir rimeleg for deg som medlem.
Norsk Bygdesagforening tilbyr HMS-plan til våre medlemmer.
Mange synes det er tungt å kome igang med HMS-arbeidet, men det er svært viktig å ha dette på plass. Når det er innført ei eiga forskrift som pålegger bedriftene å ha ein systematisk gjennomgang av si drift, så skuldas dette at ulukker skjer, og at dette kan føre til alvorlege og helsemessige og økonomiske konsekvensar for den det gjeld.
Norsk Bygdesagforening har utarbeida ein mal til HMS-plan til sine medlemmar.
HMS-planen er satt saman med aktiv bistand frå Arbeidstilsynet.
Ønsker du meir informasjon om HMS-planen og prisar kan du kontakte oss ved å sende e-post til: admin@sag.no eller ring oss på tlf: 918 86 113.
Som medlem kan du kjøpe medlemsskilt. Vi har aluminiumsskilt som vi oppmodar medlemmane om å kjøpe og henge opp på sitt sagbruk.
Prisen er kr 400,- + mva.
Bestilling kan du sende til admin@sag.no eller tlf: 91886113.
Sjå gjerne på bileta under, der medlemsbedriftene våre har hengt opp medlemsskiltet på sagbruket.
Som medlem får ein rabatterte prisar på web-tenester.
Vi samarbeidar med ei bedrift som driv med webdesign, SEO og rådgjevning innan digitale system.
Om du ønskjer å opprette nettside for di bedrift, kan du ta kontakt med oss for meir informasjon: admin@sag.no eller tlf: 91886113.