Rådgjevingsteneste til våre medlemmar

Norsk Bygdesagforening tilbyr no rådgjevingsteneste til våre medlemmar. Dette betyr at dei som ønskjer tips og råd i samband med etablering eller utvikling av sine bedrifter kan be om dette gjennom foreininga. Vi vil då etablere kontakt med ein mentor/fagfolk/fagmiljø/konsulentar som kan vere til hjelp og gi dykk kompetanse til å gjere gode beslutningar i di bedrift. Vi kan ha kapasitet til å følgje opp 10 bedrifter i fyrste omgang.

Tenkjer du at dette er aktuelt for deg, så ta kontakt på admin@sag.no eller ring oss på telefon: 91886113. Dette er eit rekrutteringsprosjekt som vi har satt i gang, så dersom det blir stor etterspørsel vil dei unge bli prioritert. Dette bør uansett ikkje hindre deg i å ta kontakt.

Vi har fått økonomisk støtte til denne ordninga gjennom Skogfond, så tenesta blir rimeleg for deg som medlem.